Dypest i brønnen

 

 

 

Litteratur – nært mitt hjerte. Det begynte for omkring tre år siden, men etter jeg flyttet i november har det blitt mindre lesing. For første gang er jeg midt i fem bøker, eller fler. Dostojevskij, Rupert Spira, Bessel van der Kolk, Raymond Carver og Murakami. Aldri før har jeg klart å legge fra meg en bok av Murakami, men nå har det faktisk skjedd. Det er lite som gir så god flyt som å lese. Å fotografere mennesker gir noe av det samme. Jeg åpner på sett og vis verdenen til de som er foran meg, men jeg tror ikke de forstår hvor nakne de er for meg, der de befinner seg foran kamera. Det var det som skjedde når jeg et par uker tilbake fotograferte disse to, i et bibliotek…

Igjen noen skrevne ord på nynorsk fra 2020:

Det er noko eg like veldig godt – å dykke lengst mogleg inn i verda, eller djupast ned i brønnen, til det forfattaren dele. Om seg sjølv, eller deires karakterar. Eg blir så takksam når dei gjer meg moglegheiten til å la svarte ord på kvite ark bli til fleire dimensjonar, medan eg les og fell ut av mi eige verd. Personane opnast opp, brettast ut, veltast fram, og inni dei finnast uendelege landskap. Eg ser ikkje bort i frå at vi alle har det vakraste landskapet på innsida, men vi treng å opne det opp sjølv, vi må ta sjansen på at ingen vil sjå på noko av det vi har å by på med det fyste. Men like fult skal vi stå oppreist, opne og sårbare. Sterkare menneskje finnast ikkje.

Når eg les bøker så bruke eg å sjekke ut musikkreferansar eller forfattarar som blir nemnt. Takk til Patti Smith som lede meg til den nye forfattarhelten min, Huraki Murakami. Nok ein gong er eg sikkert seint ute, men alt til rett tid. Saker skjer når dei skal skje.

Eric Clapton høyrar eg aldri på, men i dag hadde eg ikkje noko val når Murakami viste seg å jogge langs elvabredda i Boston med det på øyrane. Han høyre på albumet Reptile. Han høyre jo på andre ting óg, han måtte vel blitt sprø med sine omkring 300 kilometer i månaden om han berre skulle høyre på Clapton.

Så eg la frå meg boka Kva eg snakkar om når eg snakkar om løyping midt i eit avsnitt, gikk og fant Reptile, satte han på og blei forbausa. Eg såg for meg denne forholdsvis kjekke japanske eldre mannen løpe i slow motion. Og da snakkar eg verkeleg slow motion, fifty frames per second. Det må vere utruleg seigt å jogge til Reptile, og bildet av Murakami på denne måten har brent seg fast til netthinna, lik andre bilete som eg dikta opp og som tar større plass enn dei verkelege.

Eg skulle likt å sjå han røre seg nærmast svevande i dei kjedelege skoa sine langs breidden, med Canadagjessene flygande over seg, medan han er lyttande til Amon Tobin med Stoney Street og Bridge.

 


No Comment

Leave your comment

Leave your comment

Translate »