Eg vaska nett håret hans i kjøkkenvasken

 

 

 

 

Eg vaska nett håret hans i kjøkkenvasken. Du veit kor mykje meining eit slik augeblink gjer, det er slik som brenn seg fast til netthinna, som ikkje kan skyljast vekk. Kroppen forblir uvaska til du er ferdig på jobb, og eg veit du lukte av oss nå. Det same gjer eg. Og hendene mine oser sjampo, sjølv om det berre var snakk om å bruke nokre dråper.

Eg blir trøyt av å skrive. Eg blir trøyt av å drikke kaffi, og eg blir trøyt av å lure på om det som hende verkeleg hende. Vi dansa lenge i går kveld, og eg var så glad at han kjende smilet mitt mot kinnet sitt da han ikkje kunne sjå det. Han var støl i kjeven når han vakna i dag tidleg for at han smilte og flirte så mykje i går. Det er nesten vanskelig å tørre å ha det så godt, men vi må la oss få lov å flyte med og synke ned, det er vi einige om.

 

Foto: Marius Græsby, edit: Maren Ingeborg Gråblomst

 

 

 

 

 

 

 


No Comment

Leave your comment

Leave your comment

Translate »