Om å være tilstede, men allikevel ikke.

 

Så, hvor begynner jeg? Presis her jeg er nå? Skal jeg virkelig forsøke å få til noe «godt nok», eller skal jeg la meg føye med som vann av vind? Aldri om jeg vil forsøke å gjøre «godt nok», jeg ønsker ikke tydelige grenser for når jeg er innenfor eller utenfor, ikke i noen av sjangrene jeg beveger meg flytende i. Dette blir et helt uplanlagt førsteinnlegg, et skudd i blinde. Bilder fra den dagen jeg spiste spaghetti og drakk vann av finglass, før jeg flyttet til mitt gamle blå hus. Jeg vet ikke hvorfor, det var nok et påfunn. Én natt drømte jeg at det skjedde groteske saker rett utenfor det vinduet hvor spaghettibildene ble tatt, natt til 27.juli 2020. Jeg hadde glemt at jeg hadde skrevet om drømmen, men for fem minutter siden dukket tekstfilen plutselig opp, som om den hadde holdt pusten lenge. Endelig skal den få puste, her, sammen med dere. Den dagen jeg hadde drømt, så ønsket jeg å skrive på nynorsk. Det er slikt som skjer inimellom. Velkommen til mitt uforutsigbare rike!

27.juli 2020

Morgonen starta med eit klamt rom kor morgonsola låg som ein trykkokar bak den tjukke blågrøne gardina. Noko i grenselandet til eit mareritt heldt meg litt for stramt rundt andletet, og sat stjerneklart og mørkt som natta skrevs over den nakne brystkassa mi.

Eg sit no og ser på nabobygningen her eg bur, som romme ulike økonomiske føretak, dei som meine dei kan forvalte formua di for deg, og dei som meine at formua skal brukast på forsikringar for alt som kan gå gale. Det var her nattas drøymedrama spelte seg ut med høge lydar av knuste menneskekroppar, sjølvmord og brannmenn som kosta opp fingrar og naser, og legg utover flis som skal trekke blodet opp frå det grå betongtorget, før dei så skal koste det bort og alt igjen skal sjå ut som før. Heilt uten teikn til livet som var, livet dei bar, eller livet dit dei skar.

Støvet frå flisa vrimle framleis framfor auga mine, i skinet frå drøymestjernene, tolv timer etter eg opna auga. Refleksbanda på brannmennenes dressar reflektere heilt klart mitt eige liv med brei pensel. Korleis eg har hoppa frå det kjende livet og ut, eller skal eg si inn, i noko eg ennå ikkje har peiling på kva er, og akkurat no ligg eg ganske knust og spreidd utover. Eg skal samle bitane mine igjen, dei eg trong, dei som kasta svartast skugge og kan lære meg mest, og dei skinande og glitrande bitane som eg kjenne meg takksam for å ha med i det kaotiske heile. Det er min jobb å samle alt av verdi, mi indre formue. Det er både eg som hoppe og eg som rydde meg opp at, det har eg forsikra meg sjølv om.


04 Comments

Leave your comment
  • Tuva Minna Linn
    Tuva Minna Linn 13 maj, 2021 at 11:45

    Så glad över att du vill vara en del av kollektivet.
    Så glad över att jag faktiskt vågade fråga 🙂
    <3
    Välkommen!

    • Mi Gråblomst
      Mi Gråblomst 14 maj, 2021 at 10:22

      Takk kjære deg! Jeg er også glad du spurte <3

  • Mathilda
    Mathilda 17 maj, 2021 at 08:51

    Välkommen hit! Ska bli spännande att läsa dina texter!

    • Mi Gråblomst
      Mi Gråblomst 19 maj, 2021 at 18:48

      Tusen takk Mathilda <3

Lämna ett svar till Mathilda Avbryt svar

Translate »